Content not translated?
Try autotranslate

Marthon Danielsen vitjar Porsgrunnskonferansen 11 september 2009


Av Geddy Aniksdal
God dag, og hjarteleg god dag. Takk for at de ville ha meg inn i huset. Eg er Marthon Danielsen, ein karakter, ein rømling. Ein karakter frao boki te han Kjartan Fløgstad, som heiter Fyr og Flamme, det er ein god og dekkande tittel for mykje ,seier no eg. Ein karakter frå førestillingi Harde Tak av Grenland Friteater er eg og, ein karakter som no svevar fritt øver vatni og vert, som potao, brukt te alt mogeleg. Eg er vaktmestar og seremonimestar, eg leiar allsang og alle slags sang, for publikum og pøbb- likum.

Lesa og skriva og rekna er bra. Men og få syngja litt, men og få syngja litt, men og få syngja litt det gjer oss glad.

Helsa i kvar dråpe, gift i kvar liter. Det gjelde kanskje mest sprit og mjølk, men sjao ikkje vekk ifrao at det kan gjelda synging og.

Som han sa han Tyristsjef Johassa, i eit lite nummer om paotrengjande teater…
”So kjemme eg inn i stovedn te folk, og so sete meg gjedna ned pao fanget te konao i huset, og dao lyte eg ta styrkjao litt ned, so eg ikkje spraingje øyredn pao dei.:

ÅH, fyr ein straålande morgon, åh fyr ein strålande dag, eg har ei undarleg kjensle, allting vil lukkast idag.

So ristar me litt pao alt som e laust. Hald pao de di har kjert! Rist vekk alt de ikkje vil ha!

So moro med syngjing, og so gapandes kjedeleg! So forferdeleg å stao der ved skulebainken og syngja kjærligheit frao Gud, springe like ut, som en kilde klaor og rein, når lerarinna bjønte so langt oppe i registeret at det vart øvertonesang og brems på stemmebandi utan at ho visste det sjølv.
Ingen ao oss andre, og i hvert fall ikkje oss bassade kunde fylgja med. Me ville gjerne springa like ut me og, om ikkje av kjærleik til Gud, so i gleda øver å fao syngja. Allsang. Adle slags sang.

No vart det mest å syngja ut si avmakt, og det let ikkje lika godt. Tynt, pressa, ufritt. Stramt. Ikkje noko morro. Ikkje noko damp ut ao ventiladn.

Nei, gjelde å finna tonen, vera på bylgjelaingde. Syngja i lag. Syngja i lag, er det vanskelegare enn solosang tru? Det er so mykje solosang etter kort, kvar med sitt nebb, det er fint det og, men allsang!
Folketonen. Oss. Te samans. Her og no. Ke er lyden av oss?

Lat oss freista. Eg er dirigenten og de gjere som eg seier: Fire grupper der ja. Og so syng me ah, vår eigen ah, og so høyrer me kva det vert tilsamans.

Me syngje noko som gjer kraft både til sopranar og bassar , slek at me ikkje berre høyrer skjingring eller brumling. (Jeg synger fistel og Ludvigsen er negerbass.)

Teink pao religiøse sangar: Har dei kristne noko som me/eg ikkje har? I hvert fall er det noko med trui på det ein gjere, det ein syngje om. Hvis ein er likahendt te innhaldet, om ein ikkje har skrudd pao si eigi lytting ein gong, hjelpe det ingen ting . Ein lyt vera vende og stemde inn mot – og inn i sangen:

Teink pao dei store religiøse samlingadn, eg kan berre sei afroamerikansk gospel, so veit de ke eg meinar. Det er skjelvande godt!
Teink pao arbeidarsangane, dei malmfulle røstene, stappfulle av levd liv. Og av håp!
Teink pao slavane som sang for livet!
Teink pao skytebasen sine rop før sprainging!
Teink pao festsangadn, då me adle vil nokon og noko vel. Me mao vera i det. Me mao ta stundedn vaore tilbake. Hurra for deg! Hurra!

Ha kje me adle mogelegheit for denna opplevingi, denna gleda av at saman er me meir enn kvar og ein av oss, og kvar hen startar din lyd og henne sluttar min?
Memento Mori og Carpe Diem er to sider av samme sak seier han der overlegen Stein Husebø. Det er noko i det. Det er det.

Heima hjao oss vart det ofte sagt: Teink so kjekt om me kunde fao setja oss ned litt i kveld, at noken tok fram gitaren og munnspelet og so fekk me syngja litt:

Ikkje å maotta syngja, men å fåo lov til, fåo tid te å syngja. Fri tid. Sang stund.

Hvem kan segla forutan vind?
Hvem kan ro utan årar?
Hvem kan skiljast från venen sin?
Utan å fella tårar?
Jag kan segla forutan vind
Jag kan ro utan årar
Men ei skiljast från venen min
Utan å fella tårar

Nei slek er det. Eg kan alt ein gong iblant , men det er vel ikkje sant .

Bedre og bedre dag for dag
Bedre og bedre dag for dag
Du kan more deg og smile
Selv om verden syns du burde fortvile
Selv om stillingen er svak
Så syng med velbehag
Aaaaaaa
Det går bedre og bedre dag for dag.

Det er vel ikkje sant det heller, men kanskje ein gong i blant? Er det sant?

Men no, øve te noko heilt anna…

Me osso papan me hadde ei jekt
Ho heve gaott i arv i frao slekt og te slekt
Ho ekje lite salryggja
Og masta luta fram
Etter fleire åor i fjordafart med singel og med sand

Singel og sand
Singel og sand
Ekstra god singel
Og billige sand

Suttanogsudeli og suttan suttan sudeli
Og suttan og sudeliolei
Suttanogsudeliogsuttansuttan sudeli og suttanogsudelioglei.sann

Fine greier. So gode me er i lag. Me gjere kvarandre gode me!

Syng syng syng og ver glad
Syng med den stemma du har.

Ein dag utan sang er ein vekk kasta dag. Eller alt er sang om de syngje leinge nok.
Og hugs at det som er i rørsla, det rusta ikkje. So syng i veg, og foa vekk rusket i maskineriet.!
Ha det godt adle saman. Takk for meg.

Marthon Danielsen, september 2009