Content not translated?
Try autotranslate

Ein sjangs ska’ koma te konn

Stiftinga Seljordspelet i samarbeid med Dyrsku’n og Grenland Friteater inviterar til: EIN SJANGS SKA KOMA TE KÒNN! (A CHANGE IS GONNA COME!) – ein stadbunden […]

Om forestillingen

dyrsku'nStiftinga Seljordspelet i samarbeid med Dyrsku’n og Grenland Friteater inviterar til: EIN SJANGS SKA KOMA TE KÒNN! (A CHANGE IS GONNA COME!) – ein stadbunden folkekomedie med innlagd road movie.

I år blir Dyrskuspelet noko nytt og annleis! Me skal ikkje berre spela oppe på scena i Fjoset, men ta heile plassen i bruk, slik at publikum får ei oppleving av korleis ein dag på Dyrsku’n kunne ha vore ein gong midt på 60-talet! Me følger ein fargerik familie med store forventningar til livet og Dyrsku’n på reisa frå ein avsidesliggande gard i Hjartdal til Dyrskuplassen. Vel framme møter dei eit yrande folkeliv: ”I mangt kunne dette fesjået minne om 17.mai, då sol og varme hadde fått unge og eldre til å finne fram sine mest fargeglade bunader. Saman med dei raude og kvite telemarkskyrne, spraglande tivolitelt, fornikla jordbruksmaskiner og svingande ballongar, fekk det heile eit orientalsk preg. Sigøynarar, spåkjerringar og klokkehandlarar fylgde og godt opp og skapte markenstemning av god gamal kvalitet. Styrar av sjået er fylkesagronom Torvald Indrebø, som i ein fin opningstale streka under det store verd husdyrbruk og feal har i norsk jordbruk.” Det blir mange forviklingar og mykje moro. Men høgdepunktet er sjølvsagt konserten med det lokale orkesteret HepStones som kjem i eigen folkevognbuss og riv av sin avsindige piggtrådmusikk!

Premiére: Seljord, 11.september 2009