Content not translated?
Try autotranslate

Sansen for staden


Sansen for staden – foredrag om Stedsansprosjektet under konferansen

»Kan scenekunsten forandre en by» – Oslo 29.april 2016 på Det Norske Teateret.

Jøss, her har ikkje eg vore før, utbryt publikum, når dei er på Stedsansvandring i sin eigen by. Nei, her har dei ikkje vore før, hverken geografisk, fysisk eller mentalt. Sjølv om dei har budd i den vesle byen Porsgrunn heile sitt liv.

Forteljingi om Stedsansprosjektet, eit tverrkunstnerisk prosjekt for ein by og ein befolkning, vert ulik for kvar gong eg fortel. Høyr:

Det er 2004. Eg er lei. Lei den mørke salen vår. Eg lengtar ut i det fri. Til albogarom og luft under vengene. Eg, som i mange år har likt meg best der inne, vil no ut! Til kva?

Eg syklar oppigjennom Storgata, som ikkje er stor i det heile teke, men svært lang, hvis du ikkje følgjer med er du i neste by Skien, Ibsen sin fødestad, før du veit ordet av det. Me skal halda oss i Porsgrunn. Byen, som eg fleire gonger har kalla eit « møkahol» , eit berre litt større » møkahol» enn det eg sjølv kjem frå, Årdal. Eit lite hol av ein industristad, og eit litt større hol av ein industriby.

Men, ein kan verta svært glad i møkahol med! Sjølv om det tek lang tid, og sjølv om ein ikkje heilt skjønnar kvifor. Eg er vorte knytt til byen gjennom arbeidet .

Tilbake til dagen då eg syklar oppigjennom. Kvar er dei andre? Kvar er folk? Har gassalarmen gått frå industrianleggi? Nei. Klokka er halv fem, dei har reist heim. Alle er inne. Men eg vil vera ute, skal ikkje dei andre vera ute og!

Seinare i Kunstnarstyret snakkar me om planar framover. Eg kjem med nokre vage tankar om eit byløft, om å få noko til å skje, om å gjera noko, ein vand-rande forestilling frå Porselensfabrikken på andre sida av elvi og opp til Rådhus-plassen. Eg referar til eit prosjekt ein kollega har laga i Australia som heiter Mapping the City. Det høyrest fint ut. Dei andre nikkar og seier ja, og kvifor ikkje og gå vidare med det. Til kommunen for eksempel. Me veit at det er byjubileum snart, og trur heilt sikkert at dei ikkje har planlagt noko kunstnerisk enno.

Eg lagar ei skissa på korleis vandringen kan sjå ut. Det skal vera eit inkluderande prosjekt, tverr-kunstnerisk, og for både profesjonelle og amatørar. Det skal handla om byen vår, ja, då skriv eg det, byen vår, eg som alltid har kalla meg utlending, eller vestlending, importert arbeidskraft! Og berre budd der i 25 år då! Byen vår, av i går, i dag og imorgon.

Det ser ganske fint ut på papiret, eit enkelt ark som produsent Hans Petter og eg leverar til ordførar Beyer og kultursjef Bjørnsjø. Dei les og Beyer vert blank i augene og seier: Detta må me berre få til Ulla! Detta er heilt knall! Ja, einig seier ho! Tenk om det var slek kvar gong me gjekk på besøk til ein kommunal kulturavdeling!

Dei visste sjølvsagt noko som me ikkje visste, at Porsgrunn hadde sett i gang eit byutviklingsprogram, og hadde ein fleirårig plan klar for fysisk opprustning og betre tilrettelegging av sentrum. Dei visste sikkert at med byjubileum kjem det bevilgningar, og ein sjanse til å få noko større gjort!

Først formar me våre omgjivelsar, sidan formar dei oss, sier eit gammalt ordtak.

Me vart straks bedd om å arbeida fram eit prosjekt som skulle strekka seg over tre år, starta lite, veksa , for so å fleska til med ei verkeleg stor satsing i sjølve jubileumsåret 2007.

Det tok av! Me fekk forprosjektpengar og utarbeidde det me kallar ei skisse-blokk. Porsgrunn Kommune ville satsa på Stedsans-prosjektet som treårig hovedsatsing fram mot byjubileet hvis finansieringen gjekk i orden. Her måtte fylket og vera med. Detta kan både Kjersti Berg og Lene Hennum som er med i dag utdjupa.

Apropos jubileum, eg var på eit av OdinTeatret sine. Då gifta ein av Iben Nagel Rasmussen sine karakterar, Trikster, seg med borgarmesteren. Etter ei heller lang forlovelsestid inngjekk OdinTeatret og Holstebro Kommune ekteskap. So formelt er det ikkje her i Porsgrunn. På Stedsans sin første pressekonferanse, gjekk no ho Geddy til sengs med ordføraren. I full offentlegheit!

Han sat med den vetle boki, medan me grabba til oss den store. Me sto for forteljingi!

Me fekk det verkeleg travelt! Detta vekste fort, og var drit morro! Me skulle vekka til live ein slumrande by. Me skulle vekka til live minner om levd liv, avdekka skulte historiar og dramatiske opptrinn. Gje folk sansen for sin eigen stad. Bruka heile byen sin kropp som ein scene. Nytta teaterhandverket i det store formatet.

Me hadde mange samlingar, mange vandringar. Eg budde mest ute, gjekk på skattejakt etter magiske stader, stader som kunne forvandlast og trans-formerast, som kunne få innbyggarane til å sjå byen med nye auge. Eg lytta til byhistorikarar, landskapsarkitektar, bygartnaren, alkisane i parken. Me snakka med ungane, med organisjasjonslivet. Med det uorganiserte livet. Me la brev i post-kassane til folk. Me traff mange nye fagfolk som arbeidar med og i det offentlege rommet. Eg sjølv vart oppteken av verkelegheitens scenografi, kvardagslivet sin dramatikk.

Med dei ulike lag og foreningar, dei andre kunst og kulturutøvarane i byen, lagde me første forslag til kunstnerisk opplegg. Me var tydelege på samarbeid med folk utanifrå, både nasjonalt og internasjonalt. Det var positiv stemning.

Me drog god nytte av erfaringane Grenland Friteater har med Thriller, ein forestilling for ein fasade, spelt på frigruppefestivalar i Europa på åttitalet. Med vandrespelet Smuglere på første Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival på Sjøfartsmuseet ved elvebredden, der ulike eksteriør vart dei scenografiske rammene. Øyeblikkets Evighet er eit anna døme. Storproduksjonen Peer Gynt ilag med Teater Ibsen: publikum vart frakta i åtte bussar frå nasjonalromantiske rammer i Brekkeparken i Skien, via ein industrihall på Menstad til eit kollosalt kalksteinsbrot i Porsgrunn.

Milleniumsprosjektet Dreamstation var ein del av Porsgrunn Kommunes feiring av årtusenskiftet. Byløftet Stedsans står på skuldrane til mange tidligare kollektive erfaringar. Og er sjølv forutsetning for nokre av dei seinare satsingar, mellom anna PS14, ein vannbasert oppdagelsesferd, eit storstilt vandreteater med båt for å markera Grunnlovsjubileet. Det og eit samarbeid med Teater Ibsen.

Med Stedsans var det vanskeleg å få aksept for det tverrkunstneriske i starten. Det var heller ikkje nokon sokalla raud tråd, som mange gjerne ville ha, det var byen og staden, fabrikken, bybrui, elvebredden, parken, smuget, bakgården, åsen, torget, plassen, fortauet, gata sjølv og alle som møtest, lever og virkar der, i sine tider, det var temaet. Det var tråden. Kva syng staden om? Kva forteljingar skjuler byen?

Stedsans er lik byvandringar, publikum vandrar frå ein nøye uttenkt kunstnerisk stasjon til ein anna. Ein stasjon kunne vara i fire minutt. Den lengste kunne vara i tre kvarter. Det sosiale, med mat og prat var alltid med. Sjølve planleggingi og utformingen av skisseblokk tok heile året, å skapa det faktisk og fysisk med dei ulike ensembli skjedde i to hektiske veker før vandringane tok til. Me kallar det eit nøye planlagt stunt. Som regisserast med militær presisjon.

Folk betalte i dyre dommar for å vandra i sin eigen by. Det gjekk sport i ikkje å snika. Bortsett frå ungane som heller såg på våre gorillaer som slengde seg frå tre til tre enn NRK sitt BarneTv! Kvart år hadde si eigi vandreruta, med mellom 25 og 35 kunstneriske stasjonar som fylgde den fysiske byutviklingen me no var vorte ein stor og viktig del av.

Eg lærde meg å løfta blikket, som sogning ikkje berre kika ned etter småpengar eller pant! Sjå gavlar, gesimsar, vindauger og balkongar. For kva dei er i seg sjølve, men og som utmerka stader for noko som skal skje. Det var livgjevande å arbeida med ulike skiljer mellom sal og scene, å tøyga grensene.

Mykje har me lært av andre. Cantastoria, italiensk historieforteljing frå vindauga til vindauga vart hjå oss til bakgårdsopera. Til forsvar for gamle ukurante hus og kanskje haldningar med, med saksdokument frå plan og byggeavdelingen i kommunen som delar av librettoen. Arbeidarklassebyen Porsgrunn er og kjend for eit stort operamiljø, det ville me gjerne vera med å løfta fram.

Stedsans vart viktig på det viset. Grenland Dansekompani lagde sin fyrste dans inspirert av Porsgrund Porselen, på brui ved fabrikken. Neste år med pen-sjonistane og dei unge dansarane saman på Lysthusåsen. Ved Byfogden sitt kontor markerte moderne dans første staden i Norge der ein kunne gifta seg med ein likekjønna. Kunstnarane utfolda seg i staden, og staden var i kunsten.

Delar av byen vart omforma, teatralisert, transformert. Jøss! Detta har ikkje eg vore med på før!

Berre under teaterfestivalen vår skjer noko lignande, då er Storgata ein lang scene og Rådhusplassen er åstad for den største uteforestilling i landet!

Med Stedsansprosjektet utvida me aksjonsradiusen. Folk visste at me lagde nye vandreruter kvart år, og kom til oss og spurde om me ikkje kunne komma der dei budde, dei kunne fortelja oss mykje spennande som hadde skjedd der! Andre pussa opp huset sitt og stelte i hagen når dei skjønte at me kom vandrande i deira gata. Skillet mellom ein planlagd kunstnerisk stasjon og kva som var ein hending av di folk gjekk forbi vart av og til uklar. Ein ikkje-anande mann som sto i ein høg stege, plystra på ein arie og mala huset sitt førde til at heile følget stogga opp og trudde det kom til å komma noko meir! Han vart skjelven i knehasane arme mann, snudde seg og såg tohundre par auger som kika berre på han! Sjangeren vår vart døypt stasjonspel i ein artikkel av teatersjef Christian Seltun, eit namn me tok til oss. Medan dramatikar Jesper Halle tykte eit slags mysterispel var meir dekkande. Kjært barn har…

Me lagde eigen barnegruppe, Stedsansungane, me arbeidde med dei eldre på Velferden, dei vart ei eigi gruppa, som eksisterar den dag i dag, Fratelli Gammelini, under leiing av Teater Prospero!

Som har fått ei systergruppa i Sagene Bydel. Gledelege og viktige ringverknader.

Eg snakka med alkisane i byen, me lagde film om dei, om dei danseglade sin forening, om korleis ungdommane drøymer om vaksenlivet. Me skapte karakterane Ludde og Leila, to av byen sine lause fuglar, der dei ekte alkisane vart våre informantar og konsulentar. Når me øvde i parken, so kom dei å klaga: Ikkje bråk so felt, då ringer folk berre etter purken og so vert me taua inn! So me måtte setta opp skilt i parken med BERRE TEATER! I mellomtida stjal dei tomflaskene våre. Det er ikkje so greit! Ludde og Laila karakterane våre, vart seinare ekspertar på å ta entusiastiske byråkratar på eigne litt røffe spesialvandringar. Yrkesgrupper som til vanleg brukar heile byen skulle og vera våre vandreleiarar, vektaren, postbudet, feiaren. Feiarkoret vårt, ein blanding av ekte og uekte feiarar sang oppe frå byen sitt tak.

Me spurde: Kven har laga skulpturane? Kvar er Amandabakken som Bjørg Vik skriv om? Må alle galleri vera inne? Malaren Håvard Vikhagen opna eit ute med Mann som sjonglerer i Solen.

Stedsansungane innvia ny dokketeaterscena i Frednesskogen! Ilag med gigantane som skremde vetet av publikum!

Høgrefolk blant publikum fann seg sjølve i 1mai tog, med hornorkester og parolar, med fagforeningsleiarar og fanebærarar, og rake vegen inn i Folkets Hus bar det, mellom anna for å spørja om det er rett at det unike huset kjem på private hender. Kva skal det offentlege ta vare på?

No les eg i Porsgrunn Dagblad at Døveforeningen ikkje har råd til å skifta tak. Dei held til på Helleberget, eit område som på gamle kart heiter Småfolks Huse. Me lagar ein stasjon med dei døve der. Dei framførde Lois Armstrong sin What a wonderful world på det levande teiknspråket. At småfolks huse no er verneverdige høyrer og med til historia.

Porsgrunn vart til ei stor skattekista, det var spennande å jakta etter skjulte historiar, hemmelege hagar, spor etter levd liv, eller kimen til noko heilt nytt!

Me tok farvel med nonnene våre, som hadde vore her sidan slutten på 1800 talet, dei kom med Porselensfabrikken og dei utenlandske arbeidarane som kom då! Det var stor og til tider urein motstand mot både katolsk menigheit og sjukehus. Men nonnene som har vore ein del av bybildet i mangfoldige år er no vekke, medan den katolske menigheit aldri har vore større. Nynorskingar kjem stadig til byen. Som alltid har vore internasjonal.

Kanskje såg eg alt då eit glimt av denna berømmelege samanhengen, mellom barndommen sine tunfestar, mellom 1.mai tog og julebukk gang, Jonsok-kvelden sine vandringar til bålet. Festane, samlingane, om noko, for noko, med nokon. Noko som går utover og vert større enn oss sjølve.

Stedsans har vorte mykje større enn nokon av oss kunne drøymt om. Og hatt nedslag i mange ulike stader. Me fekk bevilgningar som gjorde det økonomisk romsleg, me fekk eit stort og nytt publikum, å gå ute i allværsjakker og gode sko på teater, er noko som vaksne Porsgrunnsfolk har sansen for. Dei har gjeve det eit nytt ord! Det heiter å stedsanse! Dei tre åri prosjektet vart meint for vart til fleire. Siste kvelden under brui, i sigøynarleiren vår, der folk varma seg ved bålet, ga ein forretningsmann oss ein halv million kroner. Kunne me venligst laga Stedsans neste år og? Det var so viktig for byen vår.

Samstundest hadde prosjektet fått midlar gjennom Forskningsrådet og Innovasjon Norge, so saman med køar framføre billettutsalet på Caprikiosken var økonomien rimeleg god for eit år til! Kommune og Fylket var og so begeistra og uttala offentleg at Stedsans var ein viktig del av arven etter Byjubileet.

Me var på hogget, me arbeidde for at det skulle verta eit større EU prosjekt, me hadde studiebesøk for å læra om modellen vår, som det no heitte, og 2008 vart eit stort og internasjonalt prega Stedsans.

Jubileum er jubileum, det har dyre erfaringar lært oss, og arven etter byjubileet turka meir og meir inn. Kreativ Byutvikling var ikkje lenger so høgt oppe på dagsordenen som det heiter, og løyvingane vart heller små. Me minska prosjektet i volum, men held fram med byvandringar både i 2009 og 2010. Den siste kunstneriske stasjonen me lagde var ei falsk skøytebana, det vil sei ei av tre, bygd av eit arbeidstreningsprosjekt. Stedsans hadde i alle år vore ein plass der me freista få innbyggarane til å fortelja om ønskene sine for byen, me hadde vårt eige ønsketre, og eitt unisont ønske var skøytebana. Kunstisbana i Rådhusparken. Sparebanken bevilga fem millionar og kommunen takka nei!! Avdi dei ikkje visste kvar dei skulle få driftsutgiftene på ein halv million i året ifrå!

Me i Stedsansprosjektet fekk hakaslepp av detta neiet og tenkte at me fekk takka for oss me å laga ei sjølve. Me fekk med oss Jan Erik Vold og Alfred Janson og saman med skøyteentusiastar frå fjern og nær, vart det siste indre og vekk med han i dobbel forstand.

Samstundest med at Porsgrunn Kommune ikkje lenger såg seg råd til Stedsans var me rådgjevarar og inspiratorar for liknande prosjekt i Kongsberg, Kong-svinger og Notodden. Me lagde Stedsans med Brageteateret til Drammen sitt 200 års-jubileum. I Ålesund og Sarpsborg har Stedsans vore fleire år på rad. Alltid i samarbeid med lokale krefter.

Me la planar for eit internasjonalt Stedsans, eller Sense of Place med våre samarbeidspartnarar i Italia, Frankrike, Serbia, Storbritannia og Tyrkia. Men det vart Cuba som blei åstaden for vårt fyrste utenlandske Stedsans. Som på spansk heiter CaminArte, som bokstavelegt tala betyr Gå deg Kunst!

I byen Santa Clara, som ikkje berre er ulik Porsgrunn, liten, eit stykke frå hovudstaden, ei eigi frigruppa, og eit sentrum som kan dra nytte av eit løft av detta kaliberet! I 2009 og i 2012 har me gjennomført CaminArte der, og planane og søknaden for det tredje ligg snart i innboksen hjå Utenriksdepartementet, mellom anna.

At teateret og teaterkunnskapen, erfaringane og handverket vårt kan setjast inn i samfunnsnyttige føremål, og at me kan gjera ein sopass stor forskjel i byen vår, på staden vår, er til glede og ettertanke. Det er og ansvarsfullt! Det er utruleg kva ein einsam sykkeltur og kan føra til. Frå lause idear har me arbeidd oss fram til ein fast metode, som har sendt oss på lengre og meir varierte turar enn nokon av oss kunne drøyma om. Jøssenam og dager, som dei seie i Porsgrunn!

(Heilt til slutt: Det er eit stort poeng å gå til sengs med ordførarar, å gå til topps og samarbeida med ein som verkeleg kan vera ein stad, ein by sin leiar. Me som samarbeidde hadde eit felles mål, som me arbeidar mot på ulikt vis. Tverrfagleg og tverrkunstnerisk samarbeid.)

Porsgrunn april 2016

Geddy Aniksdal, Grenland Friteater