Content not translated?
Try autotranslate

Songtime med Kjartan Fløgstad og vener

Vi har snakket og sunget tekster av Kjartan Fløgstad gjennom mange år. I forbindelse med vårt 50 års jubileum inviterer vi til en kveld med oss og ham og inviterte gjester.

Tickets

  • Thursday 19. November 2026
    19:00 / Friteatret,PorsgrunnBuy

Om forestillingen

Songtime med Kjartan Fløgstad og vener, i samarbeid med Mållaget Dag.

Velkomne til ein livleg kveld i musikken sitt teikn på Friteatret. Med snakk i faste og lause former om den norske songskatten og om det å skriva songtekstar, som svingar. Med innlagde uregelmessige innslag av songar frå Kjartan, i fri tapning med folk frå Friteatret. Spesialinviterte gjester som Vidar Ytre Arne og Chris Erichsen. Geddy Aniksdal vil freista å halde i taumane. Ho kan og lova at Kjartan Fløgstad vil framføra det han kallar «min einaste hit», nemleg det svingande stevet «E76 over Haukeli». 

Kapellmester: Anette Røde Hagnell.

Kvelden går inn i GFS jubileumsarrangement og er eit samarbeid med Mållaget Dag, som og vil helsa tilskodarane på sitt vis.

Sal av leskande drikke høyrer og med.

Alle dessa kjem, då kjem vel du og?