Festforestilling for utvandrarjubiléet i Telemark. Grenland Friteater i samarbeid med Nissedalskoret og Sanden kulturupplivingar.
Dit vil eg fara! blir ei forestilling full av sang, musikk og både komiske og såre opptrinn fulle av fart og spenning. Det handlar om store draumar og smålege omsyn, lange reiser og korte lunter, billege triks og store kunstar i ei mangfaldig verd.
Handlinga i den første delen er lagt til ein landhandel i ei bygd i Telemark midt på 1800-talet. Her møter me den notorisk upålitelege kramkaren Gunstein, som kona Amalie har eit svare strev med å halde styr på.
Det er ei tid med oppbrot i bygda. Det er ikkje nok jord til ei veksande busetting. Frikyrkjefolket kjenner bispen og prosten sitt styre som eit åk. Det gjeng gjetord om Amerika – det nye landet langt i vest. Til butikken kjem alle med sine ærend. Det er ho som vil sende brev til sonen i Amerika, ho som ventar på kjærasten derifrå og endeleg han som er komen heim. Men kvifor? Og kva veit han om det som hender «over there»? Skal alle reise? Kva ventar dei der?
I andre delen er Gunstein og Amalie komne til Minnesota og hev fått seg ein butikk der. Det har gått bra for mange utvandrarar, men alt er allikevel ikkje berre lukke og velstand her heller! Det er fullt av krangling og konfliktar i det nye landet òg! Saknet etter gamlelandet og skyldfolket er stort. Korleis skal dei greie å halde på den gamle kulturen? Eller skal dei no det? Men me kan røpe at det endar godt til slutt, på ein storslegjen fest med slåttepel og dans!
Lydmeister: Erlend Stein
Teatermålar: Marie Hafnor
Fotograf: Hans Petter Eliassen
PR: Marija Bliznac
Produsent: Mathias Hansen
Teknikarar: Andrew Keeping og Joakim Dan Jørgensen
Tusen takk for støtte fra :
Nissedal kommune, Telemark fylkeskommune, Sparebanken Norge, Sparebankstiftelsen DnB, Fritt Ord