Content not translated?
Try autotranslate

Dit vil eg fara! 2027

Festforestillinga om utvandringa skal spele i Seljord, Vinje og Ibsenhuset JULERABATT FRAM TIL 20. DESEMBER!  Dit vil eg fara! spela for utselde hus i Porsgrunn, […]

Tickets

  • Thursday 4. February 2027
    18:00 / Granvin Kulturhus,SeljordBuy
  • Friday 5. February 2027
    18:00 / Vinjehuset Festsalen,VinjeBuy
  • Sunday 7. February 2027
    18:00 / Ibsenhuset,SkienBuy

Om forestillingen

Festforestillinga om utvandringa skal spele i Seljord, Vinje og Ibsenhuset

JULERABATT FRAM TIL 20. DESEMBER! 

Dit vil eg fara! spela for utselde hus i Porsgrunn, Treungen og Bø i fjor. Dette er festforestillinga som vart laga til utvandrarjubileet. Og for ein fest det er!

På scena møter du artistar frå heile Telemark, med skodespelarane Leif Arild Sanden, Anne-Sophie Erichsen og Hæge Manheim i spissen. Med seg har dei Nissedalskoret og eit orkester leia av Vidar Ytre-Arne, og sjølvaste Knut Buen toppar laget.

Dit vil eg fara! byr på song, musikk, humor og såre augneblink i høgt tempo. Forestillinga handlar om store draumar og smålige omsyn, lange reiser og korte lunter, billeg triksing og stor kunst i ei mangfaldig verd.

Første akt utspelar seg i ein landhandel i Telemark midt på 1800-talet. Her møter vi den notorisk upålitelege kramkaren Gunstein, som kona Amalie har eit svare strev med å halde styr på. Det er oppbrots­tid i bygda. Jorda strekk ikkje til for den veksande folkesetnaden, og frikyrkjefolket kjenner styret til bispen og prosten som eit åk. Samstundes går det gjetord om Amerika, det nye landet langt i vest.

Til butikken kjem sambygdingane med sine ærend: ho som vil sende brev til sonen i Amerika, ho som ventar på kjærasten derifrå, og endeleg han som har vendt heim. Men kvifor har han kome tilbake? Kva veit han eigentleg om livet «over there»? Skal alle reise, og kva ventar dei i så fall der borte?

I andre akt har Gunstein og Amalie etablert seg med eigen butikk i Minnesota. Det har gått bra for mange utvandrarar, men alt er ikkje berre lukke og velstand i det nye landet heller. Konfliktane ulmar, og saknet etter gamlelandet og skyldfolket er stort. Korleis skal dei greie å ta vare på den gamle kulturen? Vi kan i alle fall røpe at det endar godt til slutt, med ein storslegen fest full av slåttespel og dans!

Manus: Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden

Regi: Tor Arne Ursin

Scenografi: Kjersti Posti Høgli og Lars Løberg Andersen

Kostymer: Kjersti Posti Høgli og Guro Dale

Musikalsk leder: Vidar Ytre-Arne

På scenen: Leif Arild Sanden, Anne-Sophie Erichsen, Hæge Manheim, Lucy Bergan Odberg, Mathias Hansen, Nora Linnea Nielsen, Trym Winjevoll, Joakim Dan Jørgensen, Øyvind Tveit og Knut Buen

Nissedalskoret under ledelese av Marit Lien Homme. Solist: Bjørn Dagfinn Tveit

Orkester:

Vidar Ytre-Arne:fiolin og kapellmester

Olav Svalastog: piano

Nils Henrik Mostraum:bass,

Ingri Elise Engeland: fløyte

Asgeir Søfteland: horn

Sanger av Kjell Åsen og Sigvald Tveit.

Orkesterarrangement: Vidar Ytre-Arne. Amerikavals av Knut Buen

Lysdesign, video, m.m.: Lars Løberg Andersen

Lydmester: Erlend Stein

Teatermaler: Marie Hafnor

Fotograf: Hans Petter Eliassen

PR: Marija Bliznac

Produsent: Sanne Larsen og Mathias Hansen

Teknikere: Andrew Keeping og Joakim Dan Jørgensen

Grenland Friteater i samarbeid med Nissedalskoret og Sanden kulturupplivingar.