Content not translated?
Try autotranslate

Krapps siste spole

  Samuel Barclay Beckett (1906 – 1989) vert ofte kalla svartsynets mester. Sannheitssøking ledar ofte til svartsyn. Optimismen er, som Schopenhauer skriv, ’’ein i sanning […]

Om forestillingen

 

BeckettSamuel Barclay Beckett (1906 – 1989) vert ofte kalla svartsynets mester. Sannheitssøking ledar ofte til svartsyn. Optimismen er, som Schopenhauer skriv, ’’ein i sanning gemen tenkemåte, eit bittert hån mot menneskeheitens namnlause lidingar.’’

Men er verkeleg Beckett dei svart- kvite kontrastanes diktar? Det komplekse i Becketts pessimisme vert ikkje oppfanga i den svart kvite synsmåten, snarare av desse linjer av Wilhelm Ekelund, frå ”Passioner emmellan”:

” Sätter man lifvets värde i att kunna se ljust, säkert og lugnt, – kan man aldrig se nog mörkt. Den goda pessimismen är det goda mörka öga som alla ljusmän ha haft. Vakthållandets ataraxi. På den blicken äro de att känna. ”

Beckett insisterar på enkelheit. På grunntonar. hjå alle figurane til Beckett finn ein ei ukueleg lyst til å protestera mot livet sine håplause avgjerder. Stor humor ligg bak dei litterære visjonane hans. I Beckettatmosfæren inngår ein samansmelting av farse og moralitet, slapstick og tragedie. Den franske skodespelaren Madeleine Renaud har sagt: ” Den beste måten å forstå Beckett på, er å lesa han uten å leita etter noko anna filosofi enn ei stor menneskeleg medkjensla. ”

Takk til Torsten Ekbom for utmerka bok om Beckett, og for hjelp til å finna ord.

Om dei medvirkande

Håkan Islinger var i åri 1978 – 86 fast medarbeidar ved Institutet foR Scenkonst. sidan 1988 har han og Guandaline Sagliocco arbeidd ilag som gjester ved Grenland Friteater.

Geddy Aniksdal har vore med i Grenland Friteater sidan 1981 og arbeidar både som skodespelar og regissør.

Skodespelar: Håkan Islinger
Instruktør: Geddy Aniskdal
Scenografi / Kostymer: Håkan Islinger
Lysdesign: Jon Paulsen
Manus: Samuel Beckett
Oversetting: Göran O. Eriksson
Foto: Stefano Lanzardo
Produsent: Hans Petter Eliassen

Premiére: 29.mai 1996