Då Georg Johannesen ga ut si attdikting av Tu Fu sine 1200 år gamle tekstar i 1968 – so å seie i media-skuggen av Vietnam-krigen, […]
Då Georg Johannesen ga ut si attdikting av Tu Fu sine 1200 år gamle tekstar i 1968 – so å seie i media-skuggen av Vietnam-krigen, kjendes dei merkeleg aktuelle. I åra som har gått, er tekstane ikkje vorte mindre aktuelle. Dei gjer stadig eit djupt inntrykk på lesarar og tilhøyrarar.
Tu Fu reknast av mange for den største kinesiske diktaren gjennom tidene. Han opplevde Tang-dynastiet sin bråe undergang. Han var esla til eit av dei høgste embeta i riket, men sank ned på tiggarstadiet – dreven frå provins til provins av krig og hungersnaud. Tu Fu var “ikkje ulik andre menneske unnteke i omfanget av hans kjenslevarheit.” Hans “eg” er alltid eit “me”.
Dette er den tredje framsyninga der Geddy Aniksdal tolkar Georg Johannesen sine tekstar.
Les PD intervju om forestillingen her
Les anmeldelse av Per Erik Buchanan i Litteraturgarasjen her
Produksjonen er støttet av Fritt Ord og Bergesenstiftelsen
Tekst: Tu Fu/Georg Johannesen
Omsetjing til nynorsk: Geddy Aniksdal
Regi: Tor Arne Ursin
Skodespelar: Geddy Aniksdal
Komponist: Guttorm Guttormsen
Lysdesign: Jean-Vincent Kerebel
Scenografi/kostymer: Zoe Christiansen
Scenografi/grafikk: Anna Andrea Vik Aniksdal
Maske: Heidi Elisabeth Rød
Søm og hatt: Unni Bang-Andersen
Foto: Dag Jenssen