Content not translated?
Try autotranslate

CV Geddy Aniksdal

Geddy Aniksdal, fødd 1955 er skuespelar, regissør og pedagog. Ho kom til Grenland Friteater  våren 1981 og er ein av fem eigarar av teateret. Ho har vore med i alle hovedproduksjonane sidan starten, og har sitt dagleg virke på Friteateret.

Sidan 1986  har ho skapt soloforestillingar som turnerar internasjonalt  og spelast på både engelsk og spansk: The stars are no Nearer basert på Sylvia Plath`s poesi, Blue is The Smoke of War og No Doctor for the Dead, basert på Georg Johannesen`s poesi og prosa, Mitt Liv som Mann, sjølvbiografisk vandring i arbeidarklassebakgrunn og langt virke i Friteatret, basert på eigne tekstar samt tekstar av Kjartan Fløgstad og Georg Johannesen med fleire.

Geddy Aniksdal har og regissert mange forestillingar, både her heima og i utlandet. Nemnast kan Mine Barnslige Venner av Lars Vik, Ars Moriendi av Georg Johannesen, Krapps Siste Spole av Samuel Beckett.

Dei siste ti åri har Geddy Aniksdal vore kunstnerisk leiar for Stedsans prosjektet , eit tverrkunstnerisk byutviklingsprosjekt som foreløpig har hatt nedslag i Porsgrunn, Ålesund, Drammen og Sarpsborg, samt to ganger i Santa Clara på Cuba.

Geddy Aniksdal er svært oppteken av språk, og spelar helst på dialekt.

Ho har skreve Omvegen Heim, eit essay om språk, teater og klasse. Ho har publisert ei rekke artiklar i The Open Page, eit teatertidskrift som det internasjonale teaternettverket The Magdalena Project har gjeve ut. Ho har vore med i dette prosjektet sidan starten i 1986. Geddy Aniksdal har spela forestillingar og gjeve kurs og helde foredrag  i meir enn  25 land.