Content not translated?
Try autotranslate

Due og drone: Kjartan Fløgstad i samtale med Tor Arne Ursin

Kjartan Fløgstad treng neppe nokon nærare presentasjon. Med utgangspunkt i den siste romanen hans, Due og drone, vil han i samtale med teaterregissør Tor Arne Ursin ….

Billetter

  • Torsdag 12. November 2020
    17:00 / Litteraturhuset,FredrikstadKjøp

Om forestillingen

Kjartan Fløgstad treng neppe nokon nærare presentasjon. Med utgangspunkt i den siste romanen hans, Due og drone, vil han i samtale med teaterregissør Tor Arne Ursin fra Grenland Friteater og Anne Fjellro fra Ord i Grenseland dele frå forfattarskapen sin. 

Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages heiderspris.

Hausten 2019 kom romanen Due og drone – ein roman som fekk kritikarane til å ty til uttrykk som «Glødende Fløgstad!», «En litterær storhending» og «Fløgstad tar pusten fra deg». Sjeldan har ei bok fått så mange terningkast 6.

Tor Arne Ursin er teaterregissør, og var med å starte Grenland Friteater i 1976. Han har gjennom dei siste 20 åra sett opp ei rad forestillingar baserte på Kjartan Fløgstads tekstar og univers. Få kjenner Fløgstads forfattarskap slik Tor Arne Ursin gjer det.