Content not translated?
Try autotranslate

Kjartan Fløgstad i samtale med Tor Arne Ursin

Turné i regi av Folkeakademiet blir ikke noe av. Vi jobber med et digitalt møte med Grenland Friteaters samarbeid med ham gjennom mange år.

Billetter

Om forestillingen

Kjartan Fløgstad treng neppe nokon nærare presentasjon. Med utgangspunkt i den siste romanen hans, Due og drone, vil han i samtale med teaterregissør Tor Arne Ursin dele frå forfattarskapen sin. Dette borgar for svært spennande samtaler.

Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages Heiderspris.

Hausten 2019 kom romanen Due og drone – ein roman som fekk kritikarane til å ty til uttrykk som «Glødende Fløgstad!», «En litterær storhending» og «Fløgstad tar pusten fra deg». Sjeldan har ei bok fått så mange terningkast 6.

Tor Arne Ursin er teaterregissør, og var med å starte Grenland Friteater i 1976. Han har gjennom dei siste 20 åra sett opp ei rad forestillingar baserte på Kjartan Fløgstads tekstar og univers. Få kjenner Fløgstads forfattarskap slik Tor Arne Ursin gjer det.

Arrangør: Folkeakademiet TeVeBu