Content not translated?
Try autotranslate

Kublikum av Geddy Aniksdal

Etter pandemien er publikum sin oppslutning omkring kunst og kulturlivet redusert med ein fjerdedel. Krav til oppslutning og inntening, eigendekning er vanskeleg å innfri for mange institusjonar. Nokre meinar einsidig blikk på publikumsmengde kan føra til ein forflatning i kunst og kulturtilbodet, ei kommersialisering .Detta foredraget gjev seg ikkje ut for å kunna eller forstå nok om publikumsutvikling, om statistikk, forskning og analyser, det er eit personleg skråblikk på snart 50 år med friteater i Grenland, i Porsgrunn og på turne rundt i landet og utlandet.

Kan man bygge et publikum?

Eg startar med å snu om på tittelen: Korleis har publikum bygd oss opp? Kva har me fått til i lag?

Publikum, eller kublikum som vesle Tobias son min sa, han debuterte fem år gammal som den eine halvparten av klovneduoen Max og Mini; Jeg skal bukke for kublikum jeg!

Det vil eg og. Publikum er levebrödet vårt, speigelen vår, støttespelarane våre. Publikum er den eine halvparten av kva me må ha i teateret. Minst ein utøvar, og minst ein tilskuar.

Som me ventar på dei! Tilskuarane.

Kjem dei? Eller som dei seier her;» Erre no folk eller» ? Eg kjenner ikkje ein einaste skuespelar som ikkje lurer på om det kjem folk. Me snakkar om publikum medan dei kjem inn, i små pustepausar i spelet, med ein gong det er slutt. Publikum, publikum, kublikum.

Me kan sei; Var det eit alvorleg publikum ikveld, var dei lettledde, var dei tunge å få med, var dei sokalla reserverte i starten, men so løsna det, var det premierepublikummet, var det dei som ler før vitsen er fortald? Vorspiel publikum, fredagspublikum?

Eller ? Draumepublikummet som sit der som fjetra. Som kveikte lys. Me inngår ein kontrakt om å vera ilag frå start til slutt, me går inn i det andre rommet ilag, me på scenen, dei i salen. Publikum løftar, støttar og bær oss. Sidan det er teater i vårt tilfelle, er kvar gong ulik. Me, og publikum. Som filosofen sa; Ein kan ikkje stiga ned i samme elv to gonger. Og ingen forestilling er lik. Ikkje samansetningen av publikum heller.( Han heitte Heraklit han som sa det. Filosofen altso.)

Men publikum er og  ho som somna før ho mest var kommen i stolen, det skal seiast at statistisk sett er det mest menn som søv på teater, det er vitenskapeleg bevist, men eg hadde ei dama, sjølv skodespelar i sin sjanger, som insisterte på å sitja heilt fremst, og ho sov seg godt igjennom forestillingen for so å takka so ivrigt for det ho hadde sett, eller ikkje sett då,  sidan ho sat med attletne auger og haka på brystet.

Eg er sjølv elendigt publikum av og til. Og so mykje skralt teater eg har sett! Overalt. Eg er mest forplikta til å sjå det, der eg reiser rundt på festivalar verdi rundt. Eg er medlem av The Magdalena Project, a network for women in contemporary theatre, og det er ein uskreven lov at me ser kvarandres arbeid, gjerne frå morgon til kveld. Andre ser meg, eg ser dei. Men det kan halda hardt innimellom, forestilling på eit språk du ikkje forstår, og med jetlag sitjande kraftig fast i kroppen. Du kjem inn i den varme teatersalen, du sit tett, dei sler av lyset, det vert mørkt.  Du gler deg til det du skal sjå, men kjenner og kor deiligt det er når augene glir sakte att. Du somnar. Det er so godt å sova på teater. Detta kan eg ikkje seia, men eg seier det. Det er mykje teater ein kan sova so godt på. Overalt.

Me har virka so lenge her i i Porsgrunn at noko veit me om publikummet vårt. Først det store  krevande og botnlaust ærlege barnepublikummet. Dei søv ikkje, Men om dei kjedar seg so kravlar dei, ålar og ormar seg. Vrir seg i lenker bortover. Og snakkar. Både når dei skal interagera, som det so fint heiter no, vera med heitte det før, men og lika gjerne når dei ikkje skal. Eg er djupt imponert over drevne skodespelarar som turnerar barnepublikummet med fingersputzgefuhl, som ein laksefiskar som gjev ut meir og meir snøre, sveivar inn, gjer utatt, men har kontroll, og held taket i fiskestongi.Og dreg inn fisk til slutt!

Kva ungar får med seg i desse første formande åri er kjempeviktig for kva vaksent publikum me skal få langt framover, kva vaner og forventningar dei kjem med, den nye generasjonen. Kva har dei erfart?

Ungdommen er eit kapittel for seg. Eg innrømmer glatt at det kan vera ei vanskeleg nøtt å knekka, om dei ikkje vil inn i det universet du inviterar til. Og det er obligatorisk å ta del i det som er av kunst og kultur i skulen vår. Viktig. Vanskeleg. Det kan by på utfordingar i store salar, der ein mest mistar kontakten mellom sal og scene.

Eg har vore publium sjølv i store salar, der det som skjer der framme på scenen og kva publikum held på med bakerst er to heilt ulike verdar. Då me spelte Peer Gynt i Bejing var det ca 1600 i salen. Det virka som eit vanleg normalt publikum på dei fyrste 8 til 10 radene, men til lenger bak ein kom til meir annsleis vart det. Fyrst alle mobiltelefonane, so dei som sov, og heilt bakerst sat dei som ikkje hadde fått middag, og gjerne ville innta han no. Det var eit underleg skue.

Grenland Friteater vart kjende for upedagogisk barneteater med klovneforestillingen Sjakk og Ludo, som var ein mest ordlaus forestilling med to klovnar, basert på to byorignalar her ifrå Porsgrunn, ein som vandra i bygatene, og ein som var skiftarbeidar på Hydro.Dei gjorde mange rampestrekar, mykje som ikkje er lov, sokalla, og dei herja med seg sjølve og publikum. Latteren sat laust.

Teateret vårt har både ei brei, folkeleg sida, som  til dømes Sjakk og Ludo, og ei smal sokalla eksperimentell. Eg har freista begge delar, og veit godt kva det vil sei å venta på om det kjem publikum i det heile teke, gleda seg over at so mange som tjue kjem. Me har mange vitsar om detta, til dømes;  «Korleis er publikum i kveld»?

«Høg og mörk».

I vår tidlege fase, då me ei kort tid held til i gamle Frelsesarmeen, der Biblioteket ligg no, trudde me på å spela inn nye forestillingar. Få dei til å sitja godt, få oss til å komma inn i dei, vera i dei. Å spela inn  ein eksperimentell forestilling 15 gonger  i samme vesle by var kanskje ikkje det luraste me har komme på. På den tidi var det ikkje so vanleg hverken med forhandsal, eller tinging av billettar, so me sto bak forhenget og kikte om det faktisk kom nokon.

Me skulle ha publikum på to sider, so me trengde minimum to! Sjølv om det var  veldigt skrint nokre kveldar so sto me løpet ut og spelte alle 15. Feber heitte forestillinga, og handla mellom anna om Kristianiabohemen.

På den tidi, frå midt på 80- talet og eit tiår framover , fram til me starta med Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival hadde me kalla det vesle, trufaste publikummet vårt her heima ,dei som kom på dei eksperimentelle kveldsforestillingane våre, ja, dei kalla me for Menigheten, og våre mest trufaste var nok Else Ljådal, og Elle Flogstad. Dei kom kvar gong. Takk, Else. Takk Elle.

Nokon har stått ved vår sida heile tidi. Det er rørande. Det er publikum det.

Då me reiste på våre første turnear utenlands mötte me eit heilt anna og nytt publikum, eit stort publikum. I Danmark, Spania, i Italia og Polen. Eit stort, interessert og ivrigt publikum. Me spelte på engelsk, eller i barneforestillingane med nokre få nøkkelord.  Jedna jeiko! Eit egg! Eit egg! Me spelte på gater og torg, i gamle nedlagde restaurantar, i parkar og på små kulturhus, Me traff frigrupper frå heile Europa. Og me skjønte at me høyrde til ein ny, ung tradisjon. Frie grupper. Det tredje teateret som det og vart kalla. Eit fysisk, ekspressivt og vitalt teater, der ordet ikkje sto først.

Polen overaska med eit kunnskapsrikt, interessert og lyttande publikum. Som tolka kvar minste rekvisitt, leitte etter symbolverdiar. Ein speigel var so mykje meir enn ein speigel. Det var eit nytt og stort kulturland som opna seg. Det var alltid fullt når me spelte i Polen.

Eg kom til byen i 1981 og såg små omreisande forestillingar med Riksteateret i Teatersalen.

Eg tykte publikum dengong var litt slek som den menigheiten me seinare arva. Det var ein eigen gjeng, dei som gjekk i teateret.

Å vera publikum var noko anna før, og mykje meir krevande, ein kledde seg og tedde seg  i dei historietunge salongane, med dei  oh so tunge gardinene.

Som ung jenta i arbeid i Postdirektoratet i Oslo, som kontorassistent, fekk eg sterk oppfordring om å ta eit teater og opera abbonement. Det gjorde eg, og det var lurt, slek kom eg inn i ei ny verd, og fekk sjå mange traurige oppsetningar, men og nokre grensesprengande, som eg ikkje gløymer.

Eg fekk og sjå opprør mot det borgerlege publikummet då ein gjeng sosialistar kom til Nationalteateret i knehøge gummistøvlar og islender. Eg glodde storaugd, og imponert, og sat vel der i noko tekkeleg og prektigt sjølv.

Frå starten av Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival, i 1995  når me fekk det vaksne publikummet ut og rundt om kring skjedde det noko. Både dei og me fekk bokstaveleg tala meir armslag, og kunne samtidig gå tettare på.Vekk var dei gardinene me sjeldant brukte likavel, vekk med stueluft som det heiter hjå Ibsen, no var det byspel, ta med stol, ta med sekk, ta med kopp, ta med mannen.

Med teaterfestivalen og store utendørsforestillingar, hardkokte Smuglere , som spesielt drog mannfolk! nede ved Sjøfartsmuseet, poetiske Øyeblikkets Evighet oppe utanfor Øvre Frednes fann og vann me eit nytt og større publikum, som viste tydeleg at dei likte å vera ute. Bra var det, for på den tidi hadde me ikkje noko kulturhus, og me vart vande med å arbeida utandørs. Til å sjå etter naturlege scenar.

Me hadde tidligare gjort erfaringar med noko lignande under turneane våre i Sør Europa.

Neste store endring både for oss og for publikum, og her trur eg det er rett å sei at dei at me gjorde denna utviklingen ilag, me gjekk nye vegar, bokstaveleg tala. Stedsans, eit prosjekt som starta planleggingen for 20 år sidan, og som har sett store spor, både hjå oss, hjå publikum, og eg torer sei i byen vår. Høyr på meg no, byen vår, det tok si tid det og, å sei byen vår, mange har greidd å sei det lenge før meg, eg var so dobbel på det, fordelen ved å vera anonym, litt tilbaketrekt, i motsetning til å kjenna fleire, ha eit nettverk, vera ein del av eit større heile. Det er eit gode at ein av og til veks med alderen, det har nok skjedd med meg. Altso byen vår, av i går, idag og imorgon var  og er det Stedsans handlar om. Eit tverrkunstnerisk prosjekt for ein by og dens befolkning.

Då me kom igang, fyrst i samband med byjubileet i 2005, ein pangstart, det var gode tider, det var samarbeid med økonomiske ressursar på tvers av fylkesgrensene, det var interesse for og idear og planar om ein fysisk opprustning av byen, noko som og Porselensrørsla var og er ein stor del av.

Det er viktig å hugsa på og minna om at me står på andre sine skuldrar, me går ilag med andre, me samarbeidar, og freistar løfta i flokk. Me er fleire, som går samme vegen.

Med byvandringane, som er fleire timar med vandring i nøye planlagde ruter, med kunstneriske stasjonar nitidig planlagde, og presise på minuttet, helst, går publikum ilag. Med allversjakker, gode sko, ein liten sekk på ryggen, med eit sitteunderlag, ei ekstra jakka, og kan henda ein liten angsfordrivar, ein pillehikkert av det oppbyggelege slaget. Folk går på tur for kunst og kultur. Ein kombinasjon som vekte interessa. Utan at det var nøye planlagd fekk, trur eg, publikum sitt eige rom, med mogelegvis ein litt større plass til seg sjølve. Dei ivrigaste gjekk alltid først, ivrige etter å sitja eller helst stå, på fremste rad. So var det dei i midten, som helst let seg føra fram av flokken, som i detta tilfellet kunne vera på halvanna hundre. So var det røykarane, dei som gjekk bakerst, tok livet med ro, litt meir; me kjem nok alltids fram. Det var og slek at dei som kom først på den eine stasjonen, kom sist på neste. Fint demokratisk prinsipp slek sett.

Innimellom stasjonane gjekk nokre stille, opptekne av det dei hadde sett , nokre let skravla gå, om det dei hadde sett, eller likagodt noko heilt anna, det var av og til litt tøft for ein ny kunstnerisk leiar å forstå at dei ikkje kunne venta med nokre av samtale – emnene til etterpå, men slek var det, publikum var til stades på dei ulike opptrinni, og me kunne ikkje hverken forgå eller gjeta dei. I mellomrommi, vandringen frå den eine stasjonen til den andre, då var det dei som bestemde.

Eit anna og nytt aspekt ved publikum var alderen. Dei var eldre! Me var pop hjå dei eldre, nokre gonger svært mykje eldre. Tykte me, som for 20 år sidan sjølv var so yngre, og  er i omtrent den alderen no! Dei var eldre, dei var ivrige og dei var trufaste.

For eit publikum. For eit humør! Dei skulle ut å stedsanse! Me har opplevd at dei sto i kø utafor gamle Caprikiosken då ekstra billettar vart lagt ut, det er stas. Det varmer, og gjev krefter.

Folk ville og gjerne veta kvar løypa gjekk neste år, so dei kunne mala eller pussa opp huset sitt til publikum skulle vandra forbi. Då me gjekk forbi ein mann som sto i ein stege og malte husveggen

sin i Bybakken, stogga folk opp momentant og sto og venta på ein liten monolog eller ein sang!

Detta vaksne publikummet kom og med tilbakemeldingar, på kva dei såg, på kor langt dei gjekk, på kva mat me serverte , korleis me tok vare på dei. Her er eit viktig ord, ta vare på. Eg vil sjølv som publikummar verte teken vare på, men og ha mitt frie rom, ha opplevingi slek eg kan og vil.

Ta vare på,men ikkje gjeta, ta vare på , men ikkje overvåka.

Vil dei gå, so går dei. Eg må innrømma publikum dei samme rettigheitar som eg insisterar på å ha sjølv.

Det er heldigvis litt vanskeleg å somna undervegs på ein byvandring.

Eit anna publikum som me fekk, og ikkje i det heile teke hadde rekna med, var dei som kom ut til dei ulike stasjonane, som berre var i byen. Ungar ville ikkje sjå barneTV, men kom ned til Minneparken for å sjå på gorillane våre som slengde seg i tauverket frå trea. Vaksne folk kom ned for å sjå på andre folk som gjekk i byn.

Stedsanspublikummet har lært meg å vera modig, å tora meir, deira tilbakemeldigar, iver, interessa, nysgjerrigheit, tolmodigheit, og viljen til, bokstaveleg tala, gå litt lenger enn dei fleste, tenk mest seks timar under jubileumsåret i 2007, eg vert erta eindel for det, med rette kanskje?

Det er alltid nokon som går føre, og det er viktig å sjå dei, anerkjenna de, løfta dei fram om det trengst. Som det er viktig å lære frå andre kvinner som har teke tøffe tak i historien, so er det og viktig å fortelja kven ein er inspirert av, har lært av, stjåle frå.

Stedsans er inspirert av Mapping the City, eit kunstprosjekt realisert i Australia, av mellom anna Butohdansaren Tess de Quincey. 1000 stader var nedslagsfelt for hendingar, samstundstundest.
So tøff er ikkje eg. Men inspirerande er det. På den andre sida so og sei er vandreturane til Ålesund sin egein Harald Grytten, som ruslar rundt  i Ålesund sentrum med krakken sin, fortel byhistorie, om bybrannen mellom anna,  men slett ikkje berre, og som avsluttar med suppe, brennsnut, og noko å drikka. Ei enkel ramma, eit formidabelt innhald, og vilt populært.
Eg er for evig misunneleg på dei kunnskapsrike historieforteljarane, og veit at det ikke er vegen min.
Stedsans kviler og på historiebøkene skreve om Porsgrunn, dei kviler på samtalar med Kjell Ivar Brynsrud, og med Ellen Schrumpf mellom anna, me er heldige som har ein nærleik til og tilgang på rike kjelder. Dei kvilar på forteljingane til bykameratane, dei sokalle lause fuglane som er meir ute enn inne, og soleis kjenner byen godt. Sol opp sol  ned, pol opp, pol ned, for å sei noko om dei viktige ferdselsrutene i byen.
Under tidlege øvingar i parken ved Hammondgården, der det eingong låg ein butikk, so hoia me nok litt, og då fekk me tilsnakk frå gutane på benken. Om me kunne dempa oss litt? Dei inne i butikkane var so snare med å ringa etter purken. Me dempa oss, me sette opp ein plakat om at det var teater. So stal dei tomflaskene våre.
Og ad publikum, under første stedsansvandring, som starta utafor Plenty, kom våre eigne skuespelarar som fyllikane Ludde og Laila inn på scenen, godt skeive og ikkje stillfarne. To damer i publikum rett bak meg sa;»Det var det ellers synd da..at de måtte komme forbi akkurat nå»!

Likevel er ikkje Stedsans ei historisk vandring, målet er noko meir teatralsk, noko meir dynamisk, meir aksjen!. Eit viktig skilje frå tidligare større oppsetningar ute, er at det var bevisst tverrkunstnerisk, at me såg utover vårt eige fag, samstundest som regigrepet er heilt fundamentalt. Utan styring på klokka kunne me nok ha vandra oss  langt vekk!
Det er og ein kjepphest hjå meg, vær nøye med organisering, alt frå små gebursdagsfeiringar til større jubileum er vorte lite fine på grunn av manglande regi. Det er eit fag, det er ein kunst. Det merkar publikum.
Kva meir? Våg å vera annsleis. Publikum er tøffare enn du trur, dei toler meir, innholdsmessig, formessig. Vermessig.

For utenlandske kollegaer er Stedsans eit mysterium, at ein får folk til å betala over fem hundre kroner for å vandra i sin eigen by. Brigitte, ein venn og kollega  himla med augene og sa; Prøv det i sentrum av byen vår, Marseilles. Dei  vil berre blesa av dikka.

Me utvikla ein modell som me etter 6 år med vandringar her i Porsgrunn, tok vidare til Drammen, Ålesund og Sarpsborg, før ein ny og heilt annsleis spelearena opna seg, i byen Santa Clara på Cuba. Me hadde insistert på at Stedsans var for amatørar og profesjonelle, for lokale, nasjonale og internasjonale artistar, og eit år hadde me med eit cubansk friteater som lagde eit opptrinn nede ved Franklin torget. No skulle me til Santa Clara, byen som er nemnd i den vakre cubanske songen El Comandante, altso Che Guevara.

Det vart mange omveltningar. Me skulle ha utendørs hendingar der det omtrent ikkje var gatelys. Me skulle senda ein gjeng med ville ungdommar nedover ei gata på rulleskøyter, me måtte ha lys. Innbyggarane visste råd, dei opna opp døri ut mot gata og let lyset frå kjøkenet eller veslestova lysa ut i små lommer til dei forbipasserande ungdommane, og til publikum, som omtrent ikkje såg foten framföre seg.

Cuba første gong var ein stor overrasking. Me hadde som ellers ei løypa rundt i byen, me vandra i eit par timar. Det starta pent og pynteleg, nei det er feil ord om Cuba, som er mykje, men ikkje pent og pynteleg. Det starta omsider, nede ved elvi, ei møkkete tilsøpla liti elv, som me hadde prøvd å rydda opp i ved å laga eit lite fint område, eit lite forbilde, og me hadde laga Sang til elvi. Det forsøket var vel som å ausa båt med teskjei.

Omtrent hundre folk hadde møtt opp, og me gjekk avgårde. Alt på neste stasjon som var figurteater var me tohundre, og når so kjempemarionettene dukka opp var me trehundre.

Eg fekk bange anelsar, Roxana frå den cubanske gruppa og eg gjekk fremst, held hender, og skulle ved hjelp av utkledningen vår, som reinhaldsarbeidarar vera dei som sjefa og leda an. Det auka på med eit visst trykk bak oss. Me fekk ropt etter eit tau som me heldt mellom oss, so ikkje mengden skulle sprenga seg forbi og gå i alle retningar. Me nærma oss klovnestasjonen som kollega Lars hadde ansvar for. Der skulle publikum både sitja og stå langs ein låg mur, der var det god plass. Me tykte me hadde ting under kontroll. Me runda svingen og såg at det allerede var fullt! før me var komne fram. Jungeltelegrafen om kubansk klovning hadde gått føre oss og folk hadde strøyma til. Kor mange var me no? 6-700 ?

Slek publikumsutvikling hadde me ikkje vore med om før!

Bevare meg vel, neste stasjon som var i patioen til Poesiklubben hadde ikkje so god plass. Jauda, alle skal med. Framme på plazaen, ved byparken derkollega Tor Arne med kompani hadde laga ein røvarforestilling Cine Negro, var det og godt med folk då me kom vandrande. No var me godt og vel 1000 stykker i den seine kvelden, for ei interessa, for ei oppfølging. Varm natt, nøgde folk, god og kald øl til å skåla for vel blåst med. Glade for at det gjekk godt, med denna uregjerlege folkemassen. Reine publikumsopphopningen.

Når publikum reagerar so positivt som dei har gjort, får me blod på tann, vert djervare, vil utvida radiusen so å seia. Peer Gynt i samarbeid med Teater Ibsen er eit godt døme på detta, der publikum er på reisa ikkje berre gjennom skuespelet Peer Gynt, men og gjennom og mellom to byar, Skien og Porsgrunn, ei reisa frå dagen inn i natti, ei reisa frå det vakre naturlandskapet, inn i ein lagerhall og ut i eit steinbrudd.

Publikumstartar  i varm ettermiddagsol og går heimatt i stjernenatti. For eit publikum, som gladeleg let seg bussa både hit og dit som heiar både oss og seg sjølve fram, som vil utfordrast både i tematikk, tid og tålmodigheit. Publikum toler mykje meir enn me tru. Både i form og innhald.

Publikumsutvikling, kublikumsutvikling, eg lyt innrømma at eg ikkje likte det ordet fyrste gongen eg høyrde det, eg tykte det var eit påfunnord, eit departement, demang demang, departement

ord som han song Børretzen. Men ein venner seg, eg forstår meir av det no, og aksepterar vel og bruken. Men eg likar det ikkje.

Publikumsutvikling er eit vanskeleg ord, eller begrep å forhalda seg til, det er som om publikum er på eit stadium, og so skal dei forbedra seg, dei skal læra seg, dei skal utvikla seg, det vil ikkje inn på godsida dette begrepet, det er, kva er det, luktar det New public management? Hadde det enda heitt, ja, kva? Publikumspleie? Eg veit ikkje, men det får fram lyst i meg til å forsvara publikum som ei intelligent, oppegåande, sjølvstendig gruppa.

Eller kva med lokkemat? Kva skal til for at enda fleire skal komma ut på teater, konsertar, utstillingar, foredrag, bokbad? Enda fleire er ikkje fleire kvinner, er det vel? Me er godt representert i publikum frå før me, det er me som er der ute. Eg trur det personlege, det varme, noko som er gjenkjenneleg i det nye, eg trur det har noko å seia.

Her i Porsgrunn oppstår det ein eigen erfaring, sidan me no har helde på med teater og tilliggande aktivitetar sidan 1976, det nærmar seg femti år. Sjuåringane som såg Sjakk og Ludo og Max og Mini på åttitalet er snart 50. Ljådal og Flogstad nærmar seg vel 70?

Me har og skremt publikum so godt som det let seg gjera, og då var me lukkelege for at dei ikkje var fleire enn dei var. Festivalen Bergen Internasjonale Teaterfestival, trengde hjelp frå oss til eit gjestespel, om me kunne programmera den kroatiske gruppa Montastroj hjå oss?

Eg tykte det var spennande med ein soloforestilling, scenografien var 500 biblar, og ei enkel huska.

Med, trudde me, bibelinnhald som tema, tykte Trond Hannemyr på teateret at det var høveleg å invitera sognepresten, dei hadde ungar i samme klasse på skulen, og presten hadde so vidt me visste ikkje vore hjå oss før. Trond var omtenksom vert, og plasserte sognepresten midt på eine sida. Biblane låg i tett i tett, danna eit golv under huska.

Publikum var på plass, og lyset gjekk, So kom ein slags kastar på, lyste mot huska, som kom i sakte bevegelse, med den kliss nakne mannlege skuespelaren oppå. Han spende ut føtene når han ville fram og i større fart, og tok dei bak når han skulle andre vegen, med det resultat at kjønnsdelane hass var det som var lengst framme akkurat når han var på veg tilbake. Avstanden  mellom förste rad og der huska var lengst framme var  10 centimeter. Avstanden mellom skuespelaren sitt kjønnsorgan og sognepresten sin nasetipp det samme.

Det blei ei lang stund. Ingen av oss forsto kroatisk, og alle såg berre på den nakne mannen som bokstaveleg tala var i sving der Eg trur Trond tykte det var litt kleint det heile, der han sat attmed presten. Presten som ikkje er vorte sett på teater hjå oss etter detta

På den eine sida har fleire av dess sære, eksperimentelle forestillingane vore med på å forma eit kresent og vakent publikum, som ikkje let seg vippa av pinnen so lett.

Som gjer oss mot til å skapa enda større teaterprosjekt, som Stedsans, som PS 14, som nye store utendørs forestillingar, som Meierislaget, som Herøya 43. Som å ta tak i Stedsansvandringane på nytt under pandemien, då vandringar ute var  det tryggaste .

Villigheiten til publikum, lysten deira er ein stor og motiverande faktor. Å selja ut 10 til 15 store forestillingar av eit slikt kaliber før premieren er ikkje sjølvsagt. Men ein slek kontakt, og kontrakt har me med publikum, det har me arbeidd for. Me og dei.

For kven er dei, publikum? Under Fun Fair på siste teaterfestivalen her i byen var eg sjølv publikum i redskapsskjulet vårt, som me til vanleg, utan at eg veit kvifor kallar Frankrike. Frankrike var omgjord til ei form for badstova, me kunne vera fire personar samstundest, det var ein bademester der, som gjorde, kva skal eg kalla det, overraskande ting. Det var heitt, tett, nærast klaustrofobisk. Etter seansen der var det ei aleinaoppleving i eit omgjord publikumstoalett.

Dessa erfaringane står i sterk kontrast til å vandra gatelangs i Porsgrunn, fremst, i midten, eller velja å sakka akterut, velja sjølv. Teaterbegrepet er vidt.

Kåre Virud og Bård Slagsvold og eg skulle framføra i Slak Line av Kjartan Fløgstad i Kampen Kirke i Oslo. Kyrkjepublikum er eit annsleis publikum, men like fullt er dei publikum. Eit publikum vil eg sei, som er strenge på sitt vis om at her må det ikkje gå gale, her må følsomheiten og verdigheiten vera heilt på plass. Regien og det tekniske utstyret skal vera lika mykje tenkt på der som ellers. Det er ei slags forestilling å ta far vel og. Ei krevande oppgåve for både utøvarar og publikum.

Det gjekk etter høvet godt med seremonien i Kampen Kirke, siste musikalske innslag var mobiltelefon øving over heile Oslo, sirenene slo inn då kista vart skuva inn i bilen, kyrkjeklokkene ringde, sirenene ulte, og so var det slutt. Ho for ikkje stille avgårde. Og alt var tima og tilrettelagd.

 Tiljateateret er ei teatergruppa beståande av eks. dop, eks. kriminalitet  eks. mm, ei teatergruppa skapt som eit tilbod til rehabilitering, tenkt som ein metode til å gjenvinna sjølvkjensla og sjølvrespekt, læra seg å stå i det. Publikum som kjem for å sjå dei, er ofte eit heilt anna publikum , både i kyrkja og elles. Og dei er mange. I kyrkja  seier presten før han går igang med gudsteneste; «ja, eg veit godt at det ikkje er eg som er grunnen til at menigheiten er dobbelt so stor idag, men eg takkar for alle som kjem eg».

Når Tilja-teateret har ein eigen stasjon under Stedsans, so kan ein  sjå varmebølger gå frå publikum til utøvarane, me kan sjå at publikum vil dei vel, sender dei varme og styrke, ja nesten løfter dei og syng heilt stilt:»  He aint heavy, he is my brother».

Eg er ikkje religiøs, men det unnslepp meg eit lite halleluja ein gong iblant!

For der i møtet med kvarandre, nett under denna stasjonen, so opphevast noko av skilje mellom scene og sal, mellom dei som står føre oss, og me som ser på, me kjem i ein felles situasjon, ein spennande situasjon, for me er ikkje heilt sikre på om det går bra, og publikum utvidar grensene for kva som er at det går bra, og so går det bra, og publikum er lika letta som utøvarane.

Då samvirkar me godt, og løfter i flokk.

Publikum lærer meg å tenka, publikum er ikkje ein stor masse som ikkje kan delast opp i einingar, publikum er mange eg aldri har sett før, og mine nærmaste, og so variert er og forholdet mitt til dei.

Eg las om ein sjef ved ein mindre kunstinstitusjon, ho kritiserte fokuset på publikum, meir presist sagt detta fokuset på mengde, ho opplevde at det kom i vegen for kva det er publikum ser, kva kvalitet har det, er det mindre verdifullt om ein  er ei mindre mengd? Det er det vel ikkje? Er det vel?

Publikum er oss. Alle oss. Eg bøyger meg i hatten. Eg bukkar for kublikum.

Geddy Aniksdal

Grenland Friteater,

Januar og februar 2024